Bedehuset Karmel, Blomsterdalen

Dagens lover (2010)

Bedehuset Karmel i Blomsterdalen, (noverande barnehage (småsalen) + litt av kjøkken), vart ferdig til bruk i 1904, og innvigd 15. Januar 1905. Det var formennene ytremisjonsforeiningene, starta i 1884 NMS og ca 1894 for NLM, som tok initiativ til å reise et bedehus på ein sentral plass i bygda. Ved opptak av banklån vart namnet Birkeland indremisjon brukt. Utdrag frå lovane frå 1903 Hele loven fra 1903

§ 1.
Bedehuset Karmel på Birkeland staar paa fri grund ifølge thinglæst grundseddel, at Huset eier sig selv, bruges og bestyres af kristelige legfolk inden Birkelands forening efter denne lov.

§ 2.

Huset benyttes kun til saadan virksomhet, som kan fremme kristentroen og være til folkets sande gavn. Fortrinnsvis opbyggelsesmøder og forøvrigt alt, som hører ind under den indre mission. Dernest for enhver virksomhedsgren, der kan henføres til den ydre missionsgjerning, og endelig for ethvert øiemed, der direkte eller indirekte tjener til at vække styrke og befeste kristeligt liv iblandt folket i overensstemmelse med Guds ord saaledes som dette forestaaes af den lutherske kirke.

Fusjon frå 2011

Fra nyttår 2011 er fusjonen mellom Birkeland Indremisjon (Bedehusforeningen) og Blomsterdalen Indremisjon in realitet under navnet » bedehuset Karmel», Blomsterdalen, etter ein prøveperiode på 3 år.

Bruken for alle dei andre organisasjonane i bedehuset er uendra.

Huset.

Etter den tid har huset blitt utvida i fleire etappar. Noverande storsal vart innvigd 10. sept 1967.

Før det hadde huset blitt forlenga over ein ny kjeller, noverande toalett, like etter 25-årsjubileet, Midt i dei ”harde 30-åra” tok dei opp lån på 1700 kr av ein totalkostnad på vel 4000. Innviinga var i 12.3.1933.

Kjøkken vart småsal, over småsal husrom til pedell Tidlegare galleri.

Den nye kjellaren (noverande toalett) inneheldt då kjøkken med matheis opp til møtesalen.

1979 vart småsalen delt horisontalt, slik at vi fekk noverande Lemmen over barnehagen.

Midt på 80-tallet vart siste utviding gjennomført med forlenging av kjøkken, og ny inngang/toalett for rullestolbrukarar. Samtidig fikk plass egen ungdomssal i underetasjen.

Arbeidet i huset:

Frå huset var nytt vart det vanleg med formiddagsmøte kvar søndag på bedehuset. Søndagane vart delt mellom dei to misjonsorganisasjonane som tok initiativet NMS og NLM (Kinamisjonen) og indremisjonen da Birkeland kr ungdomsforeining vart starta i 1909,. Seinare vart Birkeland byttet ut med Blomsterdalen og i dag er namnet Blomsterdalen indremisjon. Både NMS og NLM hadde (og har framleis) mannsforeining som hadde ansvaret for sine søndagsmøte. Frå midten av 50-tallet vart mannsforeningen Vennelaget( som då delte mellom for Santalmisjonen og Den indre sjømannsmisjonen) tatt inn i ”folden”, slik at dei også vart med i fordelinga av søndagsformiddagsmøta. (Det tok ca 10 år frå Venelaget først søkte til det vart endeleg godkjent at dei og kunne møte på samråingsmøta for å ta del i fordelinga av sundag føremiddagsmøta. ) I dag er det disse 4 som framleis deler på dei fleste av sundagsmøta. Men mange andre organisasjonar har 1 til 2 søndagsmøte i året. Kvardagane er ”opne for alle”.

Bl.d. kr ungdomslag, som i 1921 melde seg in Indremisjonsforbundet, hadde ansvaret for møter nær kvar søndag kveld og gjerne ein kvardag, onsdag kveld i tillegg til då kvar 3. sundag føremiddag. Dei held også gjerne 3 veker samanhangande møteverksemd. I tillegg hadde dei andre organisasjonane misjons- og offerveker vår og haust.

Frå årsmeldingane dei 40-50 første årene er det meldt om 10-14 fester og 4 – 8 basarar for året. Fester og basarar var hovudinntektskjelder for drift av bedehuset og gåver til misjonen, Det var ikkje kollekt/offer på alle møter slik som det gjerne er i dag.

Barne og ungdomsarbeidet har alltid hatt stor plass. Frå starten av har det vært søndagskole med opp til 60 barn. I seinare 10-år har kvardagsbarnearbeidet fått større oppslutning. Yngste kom først, seinare Barnetime (førskulealder) Korttidsbarnehage starta i 1991. Nå er det fulltidsbarnehage med 16 hele plasser. Barnekor har også vært i gang ein del år.

Vekkingstider

Nokre årsmeldingar fortel om vekkingstider på bedehuset. Dei største hadde vi i 1928 ved emissær Simonsen. Då kjøpte Birkeland kr ungdomsforeining inn det første orgelet til bedehuset.

I 1942 ved presten Olav Dybvik i Fana og Songevangelist Leif Myhre. Da var det vekselvis møter på Karmel, i Volladalen bedehus på Fana og på ”Salen”, Flesland. Ein stor flokk av dei eldre på bedehuset i dag, kom til tru i denne tida. Dei kvidde seg ikkje for å gå til Fana eller til Flesland på møte, kveld etter kveld. Ein hadde ikkje tilgang på egen bil då.

Etter krigen er det meldt om vekkingstider i 1949 og 1986. Herren har lagt nye til forsamlinga opp gjennom åra også i det stille. Mange unge har kome til bevisst tru gjennom Yngresarbeidet som ungdomsforningen starta i 1939.

Vekkingstidene skapte også blest om songen og musikken i forsamlinga. Musikklag har lengste tradisjon, Øvingar i musikkforeininga er nemnd i årsmeldinga for 1911. (Bilete frå 1915-20-tida).

Men også den 4-stemte korsangen har hatt stor plass, først i 1928 og noen år frametter. Nytt kor starta opp i 1948 av Halvard Aadland og heldt fram til ut på 90-tallet. Kari Risa hadde koret frå ca 1972 i veksling med Halvard Aadland. Mange medlemmar var med hele tida.

Ungdomskor har kome til og slutta. Apostolos var aktiv frå midten av 70-talet. Fana gospelkor frå ca 1992. I dag har vi barnekoret ”Jubel” og ei lovsongsgruppe. Vi er for tida velsigna med gode musikarar til songen på bedehuset.

1973 Fekk vi Hammondorgelet etter grundig innsamling av pengar.

Same året fekk vi og første forsterkar i storsalen (ca 6000 kr)

1981 vart flygelet kjøpt inn, gamalt, men godt. No er det velbrukt og treng omfattande vøle.


I dag

Bedehuset har i dag stor aktivitet hele veka. Barnekor, Gospelkor, Karmelklubben, Tweens, Yngstes og Yngres og ikkje minst heiltidsbarnehage. Dette arbeidet krev stor leiarstab og vi skulle gjerne hatt fleire å ta av. I dag er det formiddagsmøta søndagane som samlar mest.

Søndagsskolen går parallelt med deler av møtet/gudstenesta.

Bibel og bønn på onsdagskveldane held vi fast på om enn flokken kan være liten.

Eit bedehus utan bønemøte er nesten utenkjeleg.